Treningsinnsatsen til gutane denne vårsesongen har allereie gitt resultat. Dei spelte som eit samla lag og gjorde kvarandre gode! Holdt ballen i laget, såg mulegheiter, flinke å plassere seg, snakka i lag og flinke å vinne tilbake ball når dei mista den. 

I tillegg gjorde forsvaret ein formidabel innsats ved å ta ansvar, holde spelet høgt oppe og servere midtbana ballar slik at det vart mål og sjansar. I dag klaffa alt ein har trent på.

Ekstra kjekt å sjå at vi har mange uredde spelarar som turte å avklare. Ein del bom og ein del gikk inn. Alt i alt mange sjansar. I tillegg holdt superkeeperen vår målet omtrent reint for mål.

Rett og slett ein kjekk seier med strålande innsats og flott lagspel!

Vårsesongen har endt i både seier og tap der vi har møtt nokre tøffe lag. I kvar kamp har vi lært mykje og tatt med oss det vidare. Gutane er supermotivert og ei fryd å trene. Vi har brukt litt tid å bli kjent når to lag skal slåast i hop. Det har gått over all forventning. Oppmøte og innsats på trening og kamp er svært bra. Gler oss til fortsettelsen for denne flotte gjengen. 

 

Heia Stadt/Selje !

Sverre og Therese