A-Laget tok i år turen til Ålesund på treningshelg. Vi reiste torsdag 23 mars oppover med 2 fulle minibusser og 2 personbiler. I alt 28 stk var det som reiste oppover for å trene og spele kamper før sesongstart i slutten av april.

Tidligare år har vi reist til Molde men pga mykje uflaks med snø når vi har vert der gjekk turen i år til Ålesund der vi trente  fredag og lørdag inne i sunnmørshallen. Perfekte forhold heile øktene har ikkje vi vært bortskjemte med dei siste vintermånadane her heime.

 

Vi ankom sula idrettspark torsdag kl 1900 for vår første trening og fekk gjennomført ei god økt på ei nymåka bane. Gleda var dessverre kortvarig da vår eminente midtstoppar igjen fekk kneskåla ut av ledd, denne gangen blir det operasjon koste ka det koste vil!!!

Turen gjekk vidare til Quality Hotel Ålesund der vi skulle bu heile helga og inntok kveldsmaten som var laks denne kvelden, til manges store glede og andres store sorg.

 

Fredag morgen kl 0738 var alle mann alle komt godt ned i frokosttallerken og alle var klar for avreise til sunnmørshallen kl 0840. 2 timers økt vart gjennomført under perfekte forhold.

Lunsj vart inntatt på hotellet og spelarane fekk fri fram til spelarmøte kl 1600. Etter dette var vi å spelte kamp mot MSIL under forferdelig forhold. Kai Arne holdt på å fryse av seg bal…fingrane når han med fleire måka bana med 7ar!! mål. (Etter det rapportane seie så fekk han ikkje igjen følelsen før vi hadde dugnad forrige helg og han fekk flis i fingeren).Det varte nøyaktig i 5 min før der var 7-8 cm snø på bana igjen. Vi trossa forholda,tok på oss trugene og gjennomførte kampen, vart tap men vi lærte (litt) av denne kampen vertfall.

Tilbake på hotellet, ny kvelds, hamburger, og rett i køya etter at undertegna «som vanleg» vant i eit spel, denne gangen var det i shuffleboard.

 

Lørdag var det «på an igjen» , som jan eggum så fint syng om, med frokost kl 0730 for oss topptrente og dei mindre trente var ikkje å sjå før kl 0805.

Overraskande lite syting om stive kropper og vondter sjølv etter 2 treningsøkter og 1 kamp i beina dei siste 36 timane.

Kl 0900 var vi spenn klar til ei ny treningsøkt i Sunnmørshallen og vi gjennomførte nok en gang ei god 2 timersøkt. Alle kom seg vel gjennom økta visst eg ikkje huskar heilt feil……. Nei det er sant, Hans Ole vart skremt av Sverre under avslutningsøvelsen slik at han trakka på ballen og holdt på å rive av alt som slutta på «band» i heile kneet   ( Sverre ønska at fleire i bedrifta skulle kjenne på det å ikkje ha korsbånd er mi oppriktige meining). Det værste med det heile var at sverre gjømte seg bak undertegna og det sei ikkje lite om kroppsammensetninga mi ved dette tilfellet!! Stor og sterk der altså!!

PS: Etter litt is (krem) og litt kjærlig omsorg erklærte Hans Ole seg klar for kamp

 

Lunsj vart fortært og folket slappa av fram mot kampstart. Undertegna var vel den einaste som var å «pumpa jern» i denne perioden, dette med visshet om at når voskne folk kan gøyme seg bak deg med enkelthet så må det gjerast grep!! Bli større og sterkare!!

Avreise hotellet var kl 1300 for da hadde vi god tid opp mot Aksla stadion. Våre eminente bussjåfører Sigev og Heming guida oss så fint oppover fjellsida i nydelig solskinn og alle var spenn klar til kamp. Kai Arne skulle ut å inspisere før alle gjekk ut av bussen. Han fungerer litt som den syvende mann i huset når vi er på slike turer skjønna dokke.

Når han då kom tilbake og ville ha trugene i dag igjen så skjønte alle at her var det ugler i mosen! En kjapp telefon til motstander avklarte at det var jo ikkje her vi skulle spele, vi skulle til nabostrøket til IL Tempo Gigante AKA Per Arne Teige. På veien dit så kunne han med stolthet fortelle om kor godt kjent han var i området, han hadde tross alt budd der i ei årrekke og til og med gått tura med hunden og kjæringa alle plassa der oppe. Han nevnte noke om joggeturer også men tull går inn eine øret og ut det andre som oftast så den er eg usikker på.

Anyway så vart vi guida av MR. Nabo til bana opp gjennom eit byggefelt,enveiskjøyring såklart, men dette var veien vart det påstått. Etter langt om lenge vart vi stoppa av ei forferda eldre ektepar som lurte på kva 2 store minibussar skulle oppi strøket deira å gjere. Vi avga motvillig forklaring og vart då guida i riktig retning.Etter mykje banning og steiking frå diverse patrioter fekk vi snudd inn på eit tun med ein nokså skummel bebuar som satt i sin gamle Volvo og skula stygt på oss. Inn på hovedveien og nasa mot bana.Dette var då den veien bussjåføren hadde foreslått til å begynde med men vi valgte å stole på den lokale turguiden….............

 

Endelig framme og utsatt kampstart med 15 min så fekk vi på fillene og starta oppvarming. Her var alle mann klar til kamp. Var ei stund spørsmål om Heming (57 år) skulle redebutere i denne kampen etter 2 meget gode økter i hallen men det enda opp med at han filma heile kampen..

Anna enn noken personlige uhell med varmekremen så gjekk kampen som smurt. Vi vant til slutt 4-3 mot eit Aksla lag som stilte med 3-4 4 divisjonsspelarar så vi sa oss veldig fornøgde med det. Syvende far i huset fekk seg også 45 min, rolig skulle han ta det men det er som å skru på en brytar når han kjem ut på bana. Dødsforakt i augene,stupheadingar,brassespark og you name it, til info så gjekk det veldig bra..

Verdt å nevne er også at Noah og Aleksander debuterte i denne kampen og dei kom veldig godt gjennom det samt at vi i løpet av desse 2 kampane brukte 25 spelarar!!

 

Avslutta lørdagen med pizza på peppes og bowling på bowlingen? På moa der undertegna igjen vant som vanlig (kom vel egentlig på 3 eller 4? men kven bryr seg,føltes som eg vant uansett).

Kun 1 mann vart etterlatt men heldigvis var vi 2 busser og 1 personbil så det ordna seg til slutt..

 

 

Søndag var det avreise etter en ny god frokost og alle sa seg fornøgde med helga.

 

 

 

 

Vil på vegne av A-Laget takke bussjåførane Sigve og Heming , idrettslaget og alle sponsorer/samarbeidspartnerer for at vi får lov til å reise vekk og leve som profesjonelle eit par dager i året, det gjer underverker for eit lag!!

 

 

Odd Helge Losnegard

Stadlandet IL

 

PS: Bilder kjem snarlig