Endelig var dagen her for å gjere klart for årets fotballsesong!
Det møtte opp ca 30 personer, både unge og små! Lista var lang på ting som skulle bli gjort, men det var ingen problem med denne gjengen her!
Kosting rundt bane, fjerning av ugress, spyle tribune, nye vant reklameskilt, innredning i container, nye stadion høytalere, reparering av ballnett på begge sider, fjerning av små tre, rydding i klubbhus, forskaling/klargjering for støyping, merking av baner, ommøblering/ ny innredning i klubbhus, ny løsning ved inngang til klubbhus, rydding i skap, sortering og MASSE MASSE MEIR!
For ein dag og for ein gjeng, og det heile blei toppa med ein nydelig lunsjmåltid tilberedt av Ann Kristin Røkås!
Vi begynte kl 1000 der dei siste gjekk heim klokka 2000! Stadlandet Stadion fekk ein etterlengtet opprysting og for eit resultat!
Vi takker for alle som stilte opp og for alt som blei gjort på denne dagen!
Vi er då klar for årets sesong og ønsker alle lykke til! Kos dåke, ha det kjekt ilag og skap mange nye fine minner i lag med venner og familie!