Litt om dagsturhytta:
Dagsturhytteprosjektet starta som ein litt vill idé i Sogn og Fjordane fylkeskommune i 2016. No er hyttene kjende landemerke og populære turmål i heile Vestland fylke.
https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/
Nesten alle kommunar i Vestland har no fått si eiga dagsturhytte, og desse kan du finne via lenke over, i kartet eller i oversikta lenger ned på denne sida.
https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/hytteoversikt/
Fleire andre fylke har sett i gong med sine eigne dagsturhytteprosjekt etter same modell. I Rogaland er det sett opp 13 hytter, og planen er å få på plass 27 hytter fordelt på 23 kommunar i løpet av 2022. I Agder har alle dei 25 kommunane sagt ja til å bygge ei dagsturhytte, og den første hytta skal etter planen stå klar i september 2022. I Innlandet har 38 av 46 kommunar meldt si interesse, og det er planlagt byggestart for fem hytter i 2022. Fleire fylke følger truleg etter.
Alle dagsturhyttene har eit nynorsk turbibliotek med freistande bøker som du kan bruke når du er på hytta.
https://www.vestlandfylke.no/idrett-og-friluftsliv/dagsturhytta/nynorske/
Lars-Helge Honningsvåg 13 mai 2023