Sandane Fotball, Stryn Fotball og Eid IL Fotball ønsker å utvikle jentefotballen i Nordfjord gjennom samarbeid på tvers av klubbane. Vi har difor gått saman og laga fire samlingar for jentespelarar i heile Nordfjord.
Om samlingane:
Samlingane vil foregå på Eid Idrettspark.
Soneansvarlig for jenter i Nordfjord og trenarrettleiar i Eid IL Fotball, Henning Haugen er ansvarlig for det sportslege innhaldet på samlingane.
Sandane Fotball og Stryn Fotball stiller med instruktørar på samlingane.
Samlingane er frivillige og kostar ingenting for hverken spelarane eller klubbane som deltek.
Kva må klubbane som deltek med spelarar gjere?
Alle klubbar som deltek med spelarar må melde inn til Eid IL Fotball seinast to dagar før kvar samling, antall deltakarar frå kvart kull på kvar enkelt samling.
Dette er for å kunne planlegge ei god økt for alle deltakarar.
Vi ber også alle klubbar lage ei oversikt over kven som kan bli tatt bilde av og kven som eventuelt ikkje kan bli tatt bilde av på samlingane.
Dette er spesielt viktig på samlinga 25. mars.
Fyrste samling
Onsdag 08. februar kl 18:00 - 19:30 på Eid Idrettspark for årskulla 2008 - 2010
Andre samling
Laurdag 11. februar kl 11:00 - 12:30 på Eid Idrettspark for årskulla 2011 - 2013
Tredje samling
Laurdag 11. mars kl 11:00 - 12:30 på Eid Idrettspark for årskulla 2011 - 2013
Fjerde samling - Jentefotballens dag
Laurdag 25. mars på Eid Idrettspark for årskulla 2008 - 2013
Her blir det treningar med spelarar frå Sogndal FK Damer som instruktørar, foredrag for føresette og trenarar og ein treningskamp mellom Sogndal FK Damer og Molde FK.
Meir informasjon om denne samlinga kjem seinare.
Vi håpar det er interesse for desse samlingane ute i klubbane og at vi ser mange jenter frå fleire ulike klubbar på alle samlingane!