MÅL:


Målet vårt er Flest muleg -Lengst muleg -Best muleg.

 

KVIFOR:


Fotballen er ein stor og viktig samfunnsaktør i lokalmiljøet vårt, den påverkar og famnar om veldig mange spelarar, føresette og andre frivillige. Det ønsker vi å bygge vidare på.

 

KORLEIS:


NFF(Norges fotballforbund) som har ansvaret for det meste av fotballaktiviteten vår og som vi er medlemmar i, har tydelege retningslinjer på korleis fotballaktiviteten skal arrangerast for at vi skal nå vårt mål.
For å overhalde disse retningslinjene frå NFF så har vi utarbeida en Sportsplan.

Sportsplanen er eit viktig arbeidsreiskap for alle som er engasjerte i Fotball-aktiviteten.

 

Bestemmingar ift Sportsplanen:

-Sportsplan skal utarbeidast frå NFF`s retningslinjer og våre egne verdiar.

-Alle i «Stadlandet IL – Fotball» skal rette seg etter Sportsplanen.

-Sportsplanen eiges av Fotballgruppa.

-Sportsplanen er et levende verktøy som skal evaluerast minimum 1 gang per år.

 

INNHALD

  • VERDIAR
  • KLUBBEN SOM SJEF
  • FOTBALLGRUPPA
  • BARNEFOTBALL
  • UNGDOMSFOTBALL
  • DIFFERENSIERING
  • HOSPITERING
  • SPOND
  • SAMFUNN og BÆREKRAFT
       *INKLUDERING
       *FAIRPLAY
       *UØNSKTE HENDINGAR
  • ORGANISASJONSKART
  • ARBEIDSINSTRUKSAR
        *TRENAR
        *LAGLEIAR
        *KAMPVERT

 

 

 

VERDIAR

 

Vennskap, respekt, samhald

Alle som er engasjerte i Fotballen skal være kjent med verdiane våre og sørge for at dei etterlevast på og utafor bana.

 

 

 

KLUBBEN SOM SJEF

Klubben som sjef er eit etablert uttrykk i NFF. Med det meinast at det er Klubben som skal legge rammene for aktiviteten. Hos oss er det «Fotballgruppa» som er Klubben.
Fotballgruppa jobbar for at Fotball-kvardagen vår ikkje skal være styrt av tilfeldigheiter, men av planar. I dette legg vi at det skal vere klubbstyrt fotball framfor trenerstyrt fotball.
Vi skal unngå å ha trenarar med tunnelsyn for sitt lag, vi vil at trenarane skal vere lagspelarar for klubben og vere forståeleg for at klubben er best når vi er saman.

 

 

 

FOTBALLGRUPPA

 

Fotballgruppa har 7 posisjonar:
-Leiar og Nestleiar.
-Sportsplan og Samfunnsansvarleg, Trenaransvarleg, Anleggsansvarleg, Soneansvarleg og Dugnadansvarleg.
Same person kan ha fleire roller.

Fotballgruppa kan engasjera ekstra ressurspersonar, blant anna Dommar-ansvarleg, Fair Play-ansvarleg, Drakt-ansvarleg. Dei skal ikkje vere å anse som medlemmar i fotballgruppa.

 

Fotballgruppa skal sørge for at Sportplanen blir etterlevd og være tydeleg på at det er Klubben som er sjef.

 

Fotballgruppa er blant anna ansvarleg for:
-Inndeling av lag.
-Rekruttere og følgje opp Trenarar, Lagleiarar og Dommarar.
-Sørge for at fotballaktiviteten er iht NFF`s retningslinjer
-Arrangere Trenarforum

 

 

 

BARNEFOTBALL 6-10 År

 

Vi skal heile tida jobbe for å få fleire barn inn i barnefotballen. Det gjere vi blant anna ved å sørge for at det går en rød tråd gjennom alle årstrinna i barnefotballen der barn og føresette skal kjenne seg igjen i forutsetningane dei møter.
-Fotball for alle, alle spelarar er like masse verdt.
-Trivsel skapast av tryggleik og meistring. Med det meina vi at barna skal føle seg
 trygge i forhold til  aktivitetar, lagkameratar og vaksne. Og at vi tilpassar nivået slik
 at barna føler meistring.
-Vi streva etter å danne egne Jentelag. Dette er eit viktig tiltak for at
fotballaktiviteten skal omfamne flest muleg.

 

Bestemmingar:
*Vi ønsker mest muleg speletid i kamp for spelarane våre.
*Topping av lag høyrer ikkje heime i barnefotballen.
*Alle skal spele like masse.
*Det skal vere fokus på prestasjon og framgang, ikkje på seier eller tap.
*Om eit barn vel å slutte i barnefotballen skal det alle tider følgast opp med spørsmål om årsak og om vi eventuelt kan hjelpe med noko.

 

 

BARNEFOTBALL 11-12 ÅR


Retningslinjene frå Barnefotball 6-10 År gjeld også i dette alderstrinnet, men i denne alderen begynner vi å forvente meir av spelarane, det vil sei at dårleg treningsframmøte kan føre til mindre speletid i kamp. Det kan også vere andre grunnar som gjer at Trenaren har utfordringar med å gi lik speletid i kamp til spelarane, men vi oppfordrar likevel trenaren om å etterkomme dette.

 

 

 

UNGDOMSFOTBALL  13-16 År

Trivsel er viktig for å hindre fråfall. Vi fokuserer på at spelarane skal holde seg i Flytsona, det vil sei at spelaren skal få utfordringar tilpassa sitt ferdigheitsnivå, det fører til trivsel. Eit av virkemiddela vi tar i bruk er differensiering. Sjå avsnitt om differensiering.

 

Bestemmelsar:

-Det skal være plass til alle som vil spele fotball
-Alle spelarane skal få utfordringar og vi streva etter at dei skal få spele masse i kamp.
-Ved behov skal det hospiterast til andre lag.

 

 

 

 

DIFFERENSIERING


Å differensiere vil seie at spelaren får tilrettelagt aktivitet etter sitt ferdigheitsnivå. I trening kan vi då dele opp i  grupper med jambyrdige spelarar det meste av tida, men vi sørger også for aktivitet mellom spelarar med ulikt nivå. Når trenaren og spelaren lukkast med dette vil føresetnadane for meistring blir betre.
Hospitering kan også brukast for differensiering. Sjå del om «Hospitering».

 

 

 

 

HOSPITERING

 

For at våre spelarar skal bli Best Muleg er det viktig at dei oppheld seg i Flytsona (Meistring/Utfordring).

Om ein spelar har behov for større utfordringar enn det som er muleg å få i sitt eige lag, er hospitering til andre lag eit verktøy som kan takast i bruk.

Retningslinjer for hospitering i Stadlandet IL Fotball:

-Trenaren som vel å hospitere skal være restriktiv med det før 12-års alderen, men ved behov kan det hospiterast frå 10 års alder.
-For 8-9 åringar er det berre tillat med hospitering på tvers av kjønn.
-Prosessen med hospitering skal være klubbstyrt.

 

Vi skil mellom hospitering og for eksempel det å låne spelarar for å kunne stille lag. Ein Trenar som finn det formålstenleg å ta med ekstra spelarar frå andre lag på trening kan gjere det. Det kan for eksempel vere praktisk for å kunne gjennomføre ein viss aktivitet på sitt eige lag. Om dette berre skjer tilfeldig så kan det ordnast mellom Trenar og Spelar/Føresette utan å involvere reglement for Hospitering.

 

 

 

 

SPOND


-Vi bruker appen SPOND til alle fotball arrangement, kampar, treningar etc


Føresette av barn skal oppmodast til å laste ned appen og legge til seg sjølv og sitt barn.

Trenarane i samarbeid med Lagleiarane skal bruke appen til å informere om planlagde arrangement.

Det er SPOND som skal brukast til eventuell hospitering.

I SPOND er «Stadlandet IL Aldersbestemt fotball»  Hovudgruppa, og så har dei forskjellige laga sine undergrupper.

 

Spond Heimside

 

 

 

SAMFUNN og BÆREKRAFT

Inkludering

Hos oss ønsker vi at Fotball skal være for alle. I det legg vi at vi skal strekke oss etter å legge til rette for at alle som vil skal få delta i fotballen.

 

 

FairPlay

Vi jobber for ein trygg og god fotballkvardag og har FairPlay med oss i all aktivitet.
FairPlay går hånd i hånd med våre verdier Vennskap, Respekt, Samhold.

Bestemmingar:
*Vi har FairPlay skilt på Stadion og vi heiser FairPlay flagg ved alle våre arrangement på stadion.
*Våre Trenarar har FairPlay kurs.

 

 

Uønskte hendingar

Uønskte hendingar kan være vald, truslar, hets, diskriminering eller annan uønskt åtferd.

Trenarar og Lagleiarar er varslingskanalar ved uønskte hendingar, dei vil om behov ta varsla vidare. I tillegg er det på alle heimekampar på Stadlandet Stadion en godt synleg Fair-Play vakt som kan varslast.

Ved varsel på Trenarar eller Lagleiarar bringast dei til Leiar i Fotball-gruppa eller til Fair-Play vakt ved kamp.

 

NFF - Seksuelle overgrep og trakassering

 

 

 

 

 

TRENAR-Instruks

-Ansvar for gjennomføring av treningsøktene, i tråd med våre retningslinjer.

-Bruke “fotball.no” og “treningsøkta.no”  aktivt i planlegginga.

-Lede laget under kamp.

-Gjere seg kjent med Sportplanen.

-Må følgje Klubben sine rutinar for hospitering.

-Gjennomfør Grasrottrenar utdanning ved anledning

-Fullfør NFF Fair-Play kurs

-Legge fram Politiattest

-Ordne med Trenerattest på “minidrett.no”

 

 

 

 

LAGLEIAR-Instruks

-Gjere seg kjent med Sportsplanen
-Ansvarleg for administrative oppgåver og alt det praktiske rundt laget.
-Kontakt med føresette, ha tilgang på kontakt-informasjon.
-Sørge for at det i Barnefotballen er minst 2 vaksne til stades på treningane, set opp foreldre-vaktliste om nødvendig.
-Ansvarleg for drakter for sitt lag, og sørge for at dei blir samla inn og plasserte i Klubbhuset ved sesongslutt.
-Holde seg oppdatert på NFF regler for sitt alderstrinn angåande Spillform, Speletid, Banestørrelse og Ballstørrelse.
-Følgje med på kva som skjer på laget
-Sette opp liste med Kampvertansvarlege (Sjå egen Kampvert-instruks) for Heimekampar.
-Sette opp køyreliste for bortekampar
-Ta med medisinskrin på Bortekampar.
-Ansvarleg for Dommar til Heimekamp(Bruk SPOND)
-Registrere resultat (frå 13 År)
-Legge frem Politiattest
-Årsrapportering til Fotballgruppa

 

 

 

 

Arbeidsinstruks: KAMPVERT

-Kampvertar møter ca 1 time før kampstart og klargjer oppmerking av bana/flytte mål etter anvist frå trenar.

-Kampvertar må sjå til at Garderobar/Klubbhus vinduer/dører blir låste etter kampen.

Kampvert 1

  • Ansvarleg for pengeskrinet, at det blir fylt ut skjema for omsetning i kiosken og dommaroppgjer.
  • Ta imot bortelaget, informasjon om kva toalett dei kan nytte, og kvar dei kan varme opp (eine banehalvdelen)
  • Bære "Kampvert-vest" og være "Synleg" under kampen.
  • Sjå til at publikum helde seg på motsett side av bana enn spelarane.

 

Kampvert 2

  • Lage Vaffelrøre av 2 ltr melk
  • Stå i kiosken
  • Ansvarleg for reinhald av overflater i garderobe, toalett og klubbhus(Koste golvet og tømme boss, golvet vaskast av reinhaldar).

 

Kampvert 3

  • Handle inn og skjære opp frukt til spelarane(1 fat til kvart av laga ved pause)
  • Stå i kiosken
  • Ansvarleg for reinhald i Kiosken(Vaske overflater, tømme boss)

 

 

 

NYTTIGE LENKJER

NFF - Sportsplaner og verktøy

NFF - Treningsøkta

Spilleregler og retningslinjer for barn, ungdom og voksne

Fairplay - Natursti Spørsmål