Stadlandet stadion
Stadlandet stadion blei bygt av idrettslaget i 2008. Stadion har ei spelerflate på 60x90 meter og er godkjent for spel tom. 4 divisjon. Bana er fullt ut eigd av Stadlandet IL. Stadion blei opna 13.07.2008 av Liverpool Legends: Bruce Grobbelar, Roy Evans, Phil Neal. Grobbelar klipte snora og blei med dette æresmedlem i Stadlandet IL.
Stadlandet klubbhus
Klubbhuset blei bygd og innreda i stor grad på dugnad. Dragebygg var ansvarshavande og reiste sjølve bygget og fikk det tett. Veldig mykje av arbeidet vart utført av ei kjernegruppe av dugnadspersonar i IL som brukte nesten all si fritid på å få bygget klart til bruk.
Innredninga til huset er praktisk og huset har fleskible løysingar tilpassa drifta av idrettslaget.
Klubbhuset blei opna 2010 og har vore mykje brukt til møter, turneringar og arrangement.
Stadlandet ballbinge
Ballbingen blei bygt og er eigd fullt ut av Stadlandet IL. Bingen er ein Scansisbinge og blei opna av Jostein Flo i 2005 Ballbingen blei totalrenovert av Stadlandet IL i 2019 der også kunstgrasdekket blei bytta.
Tribundeanlegget ved Stadlandet stadion
Anlegget blei bygt på dugnad i 2012 og var eit av dei fyrste anlegga i Nordfjord som har fastmonterte seter.
Det er planer for bygging av tak over tribuneanlegget. Der er sitteplasser til 204 stk. på tribuna.
Stadlandet tennisbane
Tennisbana til Stadlandet IL er eit nærmiljøanlegg ferdigstilt i juni 2019, og vi hadde offisiel åpning 18 oktober same år. Bana ligg påveg ned til havna på blikkneset og er åpen heile døgnet. Dette er eit anlegg som vi har fått til på dugnad med hjelp av pengegaver fra Sparebanken Vest, Sparebanken Møre, Mowi og Tippemidler. Honningsvåg Maskin AS utførte grunn og terreng arbeid, Stadt Betong leverte betong til murer og stolpefeste, Sport Vest leverte dekke, stolper og nett. Drage Bygg AS leverte gjerdestolper, gjerde og porter, og Eid Elektro har levert lysanlegget. Stadlandet IL er stolte av å ha fått til eit slikt flott anlegg i bygda vår.
Stadlandet skatepark
Stadlandet IL bygde skatepark som nærmiljøanlegg i 2022. Anlegget stod ferdig hausten samme år. anlegget har ein profil som passer til allle andersgrupper. Anlegget ligg fint plassert like ved Stadlandet tennisbane og sandvolleyballbana ved hamna. Anlegget er oppført i samarbeid med lokalt næringsliv og ein stor del av dugnadsarbeid er utført av ei gruppe med medlemmer i IL.
Andre anlegg på Stadlandet til fri bruk
- Draumeplassen Draumeplassen Havsyn - Facebook side
- Aktivitetsløype ved Stadlandet skule
- Badstu i Årvik - Badstue i Årvik - Facebook side
- Sandvolleyballbane ved Småbåthavna