Medlemskap i Stadlandet Idrettslag

Medlemskontingent

Medlemskontigent gjeld for eit år. Kontigenten skal innbetalast via Min idrett eller ved automatisk mottatt giro for kontigent. Viktig å bruke kid som referanse ved innbetaling då denne er unik for kvar innbetaling.

Fleire av gruppene har treningsavgifter med/ utan lisens. Dette vil sjølvsagt kome i tillegg alt etter kva idrettsgrein du eller bornet ditt vil vere aktive i. 

For å delta som aktiv idrettsutøver skal du jfr. Norges idrettsforbund vere knytta til eit idrettslag, og skal du delta i aktivitetar i Stadlandet IL må du også vere medlem. Er du trenar eller har andre verv i gruppene skal du også vere medlem i laget.   Med ditt medlemskap følger ei forsikring som skal sikre deg ved eventuell skade.

Medlemskontingent og treningsavgift.

Vi skil mellom medlemskontingent og treningsavgift.

Medlemskontingenten betalast til hovudlaget, medan den enkelte særidrett (fotball, handball, turn) krev inn ei treningsavgift for å dekke kostnader forbunde med treningar og aktivitetar til det lag eller den gruppe du skal representere.

Støtte fra Idrettsforbundet

Ditt medlemsskap i idrettslaget utløyser støtte frå Idrettsforbundet. For kvart betalande medlem fra 6-19 år, som er registrert i idrettslaget vil idrettslaget motta tilskot som fordelast tilbake til særidrettane og kjem alle saman tilgode.

 

Forsikring gjennom medlemskap

Alle born som er tilslutta idrettslaget ditt ved sitt medlemskap er kollektivt forsikra gjennom Norges Idrettsforbund. Denne ordningen gjeld til og med det året dei fyller 12 år. Forsikringa gjeld også for trenarar, leiarar og dommarar når desse saman med utøvarar gjennomfører organisert trening/øvelse, konkurranse eller i samband med reise til og frå.

 

Satsene for medlemskap 2023

MEDLEMSKAP  Pris
Enkeltmedlem   300 kr
Familiemedlem   800 kr
Støttemedlem   200 kr
   
TRENINGSAVGIFTER  
Fotball A-lag, frå året ein fyller 15 år. 1300,- eks. lisens.
Fotball Oldboys, trening m/seriespill. 900,-   eks. lisens.
Fotball Oldboys, trening u/seriespill. 500,-
Fotball fra 10 år - 14 år. 700,- eks. lisens.
Fotball/Allidrett 0-9 år. Gratis
   
Handball 13 år- 15 år. 700,- eks. lisens.
Handball  10 år - 12 år. 450,- 
   
Turn fra 11 år. 700,- 
   
Volleyball. Gratis
   
LISENSER  
Fotball Voksen. Fra 15 år. 200,-
Fotball Barn. Fra 11 år. 150,-
   
Handball, det året barnet fyller 13 år. Betales via Minidrett.
   
Tilleggsinformasjon  
Maks beløp treningsavgift pr. barn. 1000,-
Maks beløp treningsavgifter, pr. familie. 3000,-
   
Faste trenere, avslag på kontigent.  (godtgjørelse) -100,-

Ta kontakt ved spørsmål

Følg gjerne linken under.

Registrer deg/ditt barn som medlem

Alle spørsmål angående medlemskap sendes til sil@stadlandetil.no

Tilbake