Pålogget: Anonym  Logg på bruker    262823 besøkende  
Nyheter  Bilder  Linker  Påmelding  Treninger  Kamper  Aktiviteter  Kontakter  Blogg  Nedlasting  
 

Vestkapp Junior Cup - aldersbestemte lag laurdag 14. august

[2010-07-07] Stadlandet IL har fått godkjent å arrangere Vestkapp Junior Cup på Stadlandet stadion laurdag 14. august.
Dette er cup for aldersbestemte lag lag 6 -14 år- J / G
Idrettslaget tar med dette opp att tradisjonen med Vestkapp Cup men starter opp med aldersbestemte lag
Invitasjon er sendt ut til klubber i nordfjord og på møre.
Vedlagt følger invitasjonen som er sendt ut.

Liverpool supporter turnering Florø 10 juli

[2010-07-06] Stadlandet markerte seg sterkt i turneringa for Liverpool supportarar i Florø den 10. juli. Det vart mønstra eit sterkt lag og vi fikk ein flott 3. plass i turneringa der 22 lag deltok. Stemninga var stor og innsatsen var upåklagelig. Det vart straffespark konkuranse i semifinalen og Stadlandet dreamteam stod løpet best og fikk 3.plassen  Teamet som for til Florø hadde sit utspring i A laget vårt.

God sommar!

[2010-06-28] Vi ynskjer våre medlemmer, trenarar og oppmenn ein riktig god sommar
Til hausten er vi igjen klar for nye kampar både på fotballbana og i Olivinhallen!

Overtrekksdresser Stadlandet IL

[2010-06-25] Chatlet på Eid har bekrefta at dei har lagsdressane til Stadlandet IL. (svart og kvit overtrekksdresser Umbro) inne på lager. Leverer både barne og vaksen str.
Kvar enkelt som ynskjer å kjøpe slik dress ordner dette direkte med Chatlet.
Dei leverer standard trykk på dressen, anna trykk leverer dei etter kva de
ynskjer av namn osv. Chatlet er sponsor til Stadlandet IL og våre
medlemmer får rabatt på kjøp på Chatlet !

Alaget vann 2 -0 over Bremanger heime på Stadlandet stadion

[2010-06-20] Stadlandet vann i dag ein sikker siger over Bremanger heime på Stadlandet stadion i ettermiddag.
Heimelaget opna sterkast og hadde den 1. klare målsjansen etter berre eit par minutt spel som Bremangers keeper redda mesterlig. Kort tid etter gjekk Stadt opp i leiing 1-0 ved Kai Arne Otneim  Dette var og pauseresultatet.
2 -0 scooringa kom etter ca 1/2 times spel av andre omgang etter at Stadt hadde hatt fleire store målsjansar utan å ha lukkast 100%.
Ein sikker og god kamp levert av karane i dag. No er det velfortent ferie i serien der Stadlandet ligg på ein solid 2. plass !!

Sikker siger Stadlandet G 13/14 i dag over Tornado/Måløy :)

[2010-06-15] Stadlandet G 13/14 vann i dag sin kamp på Stadlandet stadion over Tornado/ Måløy7 -3 !! Gutane spelte ein veldig god kamp der alle leverte topp innsats!
No har laget ein kamp att borte mot Vikane før dei kan ta ein velfortent ferie.
Desse Stadt gutane tok forresten å vann B sluttspelet sist helg under Selje cup !  Veldig bra innsats Stadt.

Vinner av si gruppe i Selje cup Jenter 14 Stadlandet!

[2010-06-14] Vårt gode J 14 lag i fotball vann i helga si gruppe under årets Selje cup. Dette var ein sterk prestasjon der laget spelte 4 kampar mot fleire lag frå møre. Jentene leverte 3 sigrar og ein uavgjort og dette holdt til klar siger i si gruppe. Stadlandet jentene tok med dette eit napp i den flotte !! vandrepokalen som Selje IL har sett opp i denne klassa. Den skal vi passe godt på heilt til neste år  så får vi prøve å vinne igjen då!
Kjempe innsats frå både trenar og alle jentene på laget Vi gratulerer.
(bildet viser trener Magnar Årsheim og nokre av jentene laurdag før turneringsstart)

Solid innsats frå alle lag til Stadlandet under årets Selje cup :)

[2010-06-14] Born, trenarar, foreldre og andre frå Stadlandet har hatt ei kjempe helg i Selje under Selje cup 2010. Veirgudane har ikkje vore heilt med oss dette året men det har ikkje merka innsatsen til borna  Dei har stått på og spelt både spennande og gode kampar!
Takk til alle trenarar og ansvarlige som har tatt ansvar for laga til Stadlandet i cupen! dokke har gjort ein god innsats gjennom vinteren! No er det ein velfortent ferie som står for døra
Bildet viser Stadlandet gutt kl. 07 med sine flotte premier og diplom!

Selje cup 2010 Stadlandet stiller med 8 ulike lag :)

[2010-06-10] Fotballen er i sterk vekst på Stadt !
Laget stiller med heile 8 påmelde lag til Selje cup i år
Alle skal få vere med å spele mange kamper dei fleste av laga får 4 kampar kvar! Vi møter mange nye lag som vi ikkje har møtt tidlegare og det er spennande.
Stadlandet ser fram til ei hektisk helg i fotballens tegn i Selje!
vi gler oss til å delta
Kom og sjå ungane spele det er veldig kjekt og engasjerande!!

Tap 4-2 mot Eid 2 i dag den 6. juni

[2010-06-07] Stadt måtte desverre sjå seg slått på stadion i dag. Eid stilte med eit godt lag og slo oss 4 -2. Våre mål kom med Kai Arne og Marius. Kai Arne hadde i tillegg eit fantastisk skudd i 2. omgang som small i tverrliggaren !! og ut desverre. Vi kjem sterkare igjen!!

Resultater Stadlandet rett vest 2010

[2010-04-24] Resultater fra Stadlandet rett vest 24.04.2010 finner dere ved å gjøre følgende:

Klikk på nedlasting ytterst til høyre på den gule stripen.

Klikk på resultat Stadlandet rett vest ......

Nok et flott løp unnagjort.
Takk til alle deltakere.

Gratis tilskudd til idrettslaget -Grasrotandelen

[2010-02-05] Vi vil minnne dykk på at dersom de registrerer Stadlandet IL. som grasrotmottaker når de tipper, speler extra, lotto eller vikinglotto så får IL. penger overført frå Norsk tipping UTEN at de som tipper må betale noko ekstra !! For alle som reg.IL. no før nyttår, fører dette til mykje penger til IL i ei spesiell 1. års ordning. Vi takker for støtten så langt og håper på meir midler for resten av året! Støtt opp om ditt lag

Kennet Honningsvåg går til Stadt..

[2010-01-15] Då kan eg komme med den svært gledelige meldinga om at Kennet Honningsvåg har gjett oss beskjed om at han vil spele for Stadt neste år..

Han har dei siste sesongane vore i Selje og spelt ei svært sentral rolle til tross for sin unge alder. Han har masse erfaring fra både 3 og 4 divisjon..
I fjor var han utlånt til Eid det første halve året, men desverre for Kennet vart han skada på si første trening..Det siste halvåret spelte han for Selje igjen

Kennet er en kjapp og energisk indreløpartype som vil passe meget godt inn med Stadlandet a-lag og dei spelarane vi allereie har.. Han er svært treningsvillig og helde et stabilt høgt nivå..

Vil ønske Kennet velkommen til Stadt og håpar og reknar med at han vil trives med oss

Trener/keeper

Odd Helge Losnegard

MINIHANDBALLTURNERING

[2009-02-04] Stadlandet barnegrppe og handballgruppe arrangerer minihandballturnering i Olivinhallen lørdag 14 februar. 31 lag er påmeldt til turnering  Det blir handballkamper heile dagen frå 09.30 til kl. 17.30 !!
Ta turen i hallen og sjå flinke ungar og god handball

Til alle som har lyst til å vere med på ballbingeturneringa

Vi ynskjer å få flest mulig lag med og har difor utvida påmeldingsfristen til torsdag 22.05.08

Kom igjen meld på flest mulig lag det blir masse show og mykje morro !
send mail til
    margaol@online.no

Hardt/tøft for Stadlandet
Spel i ny divisjon har gitt vanskeleg motstand for Stadlandet sitt J14-lag.
Ole Magne Kvalsvik

Etter nyttår har Stadlandet sitt handballag i jenter 14 år vorte plassert i 1.divisjon avdeling 3. Medan det i haust var kampar mot lag som Bremanger og Fjellhug/Vereide, med om lag same utgangspunkt, er ein no i avdeling med til dømes Førde, Florø, Sogndal og Jotun, lag som har eit større spelarmateriell å ta av og ein tøffare treningskultur.

Trass i eiga spelemessig utvikling, møter ein no difor motstandarar som er litt sterkare, litt raskare og litt meir ballsikre. Så også mot Dale, som jentene møtte i Olivinhallen søndag. Dette er kanskje det laget i avdelinga som er mest på Stadlandet sitt nivå, men det synte seg fort søndag at dei var det vesle hakket over. Nokre tekniske feil av Stadlandet i starten av kampen gav også raske kontringar av Dale, som skaffa seg ei tremålsleiing. Stadlandet kjempa likevel godt og heldt seg jamt med Dale resten av kampen, men Dale beheldt leiinga dei hadde skaffa seg og vann 12-9.

Ein av skilnadene mellom laga var også Dale sin spelar Lisa Lykkebø. Stadlandet prøvde delvis å setje frimerke på henne, men ho scora likevel sju av Dale sine mål. Hos Stadlandet vart Marthe Stave mestscorande med fire mål. Laget manglar litt tempo og fysikk for å hevde seg i avdelinga dei no er plasserte i. Det fører og til meir tidsbruk og større reisekostnader.
– Vi må berre ta det med godt humør og gjere det beste ut av det. Det kan vere greitt å prøve seg mot tøffare motstand og jentene synest og det er kjekt å få reise litt lenger, seier laget sin oppmann, Mirjam Friberg.

FÅR BRYNE SEG: Plassering i ny avdeling gjer at Stadlandet møter sterke lag. Her har Tina Hoddevik komme seg gjennom Dale sitt forsvar. Til høgre ser vi Charlotte Stave og delvis gøymd midt på biletet Marthe Stave. I bakgrunnen ein spent Stad-benk og trenar Jan Sverre Hagen.


 
Søk på sidene
Sponsorer
Sparebanken Vest
Rolls-Royce

Webdesign: Innovare IKT AS